Suksessprosjekt for TechnipFMC

På nettsidene til Maritim Forening kan du lese om at Strukturplast, Easyform og Stryvo samarbeider om offshoreprosjekt for TechnipFMC

Tre av våre medlemsverksemder; Strukturplast, Easyform og Stryvo har nyleg gjennomført eit vellukka offshoreprosjekt for TechnipFMC i Frankrike.

Det heile starta med at Strukturplast blei kontakta av TechnipFMC. Dei ønska at Strukturplast skulle produsere blokker, som skulle fungere som ein støttekonstruksjon ved installasjon av ein fleksibel røyrleidning i havet utanfor Frankrike. Dette var eit hasteoppdrag og 3 sett av 4 blokker måtte leverast innan 3 veker. Blokkene måtte ha lette materiale for enkel handtering offshore. I tillegg måtte dei tole høg tryggbelasting frå røyrleidningen som skulle installerast.

“The campaign was a success, and the sledge contributed to schedule savings by being able to pass a long pipe termination over the gutter instead of having to mount it at a later stage.» – TechnipFMC project team