Presseinformasjon Plast og kompositt, 17.1.2017

Vi gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer ny plast- og kompositt konferanse! Den årlege konferansen som blir arrangert rundt berekraftig materialutvikling går av stabelen den 1. mars på Sandane. I fjor samla vi total 125 deltakarar. Vi trur at årets konferanse blir større enn fjorårets.
Ein konferanse om bærekraftig material
Mange er i dag opptatt av kostnadsreduksjon, spesielt verksemder i petroleumsindustrien. Ved å i større grad bruke lette haldbare material kan verksemder spare pengar. Kom til Sandane på plast- og kompositt konferansen. Her får du høyre meir om muligheitene som ligg i dei lette, sterke og haldbare. Mange av desse er ikkje fullt utnytta. Vi har fått støtte frå Maritim Forening Sogn og Fjordane og plast- og kompositt gruppa i Nordfjord Teknologiutvikling (NTU).


Internasjonal ekspert held innlegg
Maria Strømme stiller på konferansen som foredragshaldar. Ho er forskar på nano-teknologi frå universitetet i Uppsala. Ho er rekna som ein av dei fremste på sitt felt i Europa med fleire internasjonale prisar og ei rekke publikasjonar. Hennar innlegg har fått tittelen: “Nanotechnology is driving the next industrial revolution: towards sustainability and better lives”
Konferansen har fått med seg fleire store verksemder som foredragshaldarar. Til dømes Kongsberg Gruppen, Rolls Royce Marine og Lindberg og Lund Group. I tillegg bidreg lokale aktørar som er ekspertar på sine felt; Brødrene Aa, Strukturplast, Easyform og Stadpipe.
Bedriftsbesøk hos lokale verksemder
Som ein del av konferansen tek vi med alle deltakarar på bedriftsbesøk hos Brødrene Aa og Strukturplast. Vi nyttar oss av moglegheita til å vise lokale verksemder fram for deltakarane som kjem frå heile verda. Dette kan by på nye moglegheiter for lokale verksemder.
Studentar blir invitert
VI inviterer studentar frå fylket som studerer relevante fagtema for konferansen. I fjor briljerte dei unge studentane med sin kunnskap. Slik fekk deltakarane høyre og sjå at det er ungdommen som sit på framtidig kunnskap om dette viktige feltet.
Lokal mat
Konferansen blir avslutta med lokal, kortreist mat på Gloppen Hotell. Vi startar med ølsmaking før vi blir servert ein middag beståande av kortreist mat. Om det blir som i fjor så kan vi by på innhaldsrike diskusjonar rundt komposittmateriale til langt på natt.

Til redaksjonen:
Kontakt Frode Lindvik, Strukturplast: frode@strukturplast.no, 99350032 eller Beate Grønnevik i Maritim Forening Sogn og Fjordane: beate@maritimsfj.no, 91688399.